TORPedér 3. rullebane

Av

Den 31.1.2019 vart eit framlegg frå Senterpartiet, SV og MDG om å stoppe planlegginga av ny tredje rullebane på Oslo Lufthamn Gardermoen stemt ned i Stortinget. Fleirtalet var partia Høgre, Frp, Ap, KrF og Venstre. Senterpartiet røysta for å stoppe Avinor si planlegging av prosjektet med ein gong fordi:

DEL

Leserbrev•Ein tredje rullebane vil byggje ned mellom 4- 5 000 dekar jord. Mykje av dette er dyrkbar mark.

•Gardermoen ligg over Noregs største grunnvassreservoar. Miljøverknaden av ein tredje rullebane er negativ.

•Støyplagene for mange folk i Akershus er allereie monalege, og vil auke.

•Ein tredje rullebane vil leggje til rette for ein kraftig auke i flytrafikken. Dette vil auke CO2-utsleppa våre, og er ikkje i samsvar med pliktene Noreg har etter klimaavtalen frå Paris.

•Ein ny tredje rullebane vil vere dyr, kostnadane kan kanskje kome på 20 milliardar kroner.

•Ein tredje rullebane vil svekke passasjergrunnlaget for flyplassen på Torp fordi endå meir av trafikken vil kanaliserast via Gardermoen.

•Ein tredje rullebane vil truleg gjere det lite interessant å byggje høgfartsbanar i Noreg, fordi framtidige togpassasjerar heller vil nytte fly.

Senterpartiet meiner vi heller må redusere veksten i flytrafikken. Sandefjord Lufthamn Torp og Moss Lufthamn Rygge kan nyttast som avlastningsflyplassar for Gardermoen. 

Difor må ein tredje rullebane på Gardermoen TORPederast!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags