Klimadystopi, MeToo, og nakenbilde på avvegar

Av

Kulturkonsulent i ungdomsavdelingen ved Sandefjordbibliotekene, June Røys Hauge tipser om tre aktuelle ungdomsromanar

DEL

Utbryterne, Nina Borge, Gyldendal, 2020

Sjå føre deg eit Sandefjord der det ikkje lenger finst rein luft og der eit feministparti styrer landet med jarnhand. Det er realiteten i denne originale og modige ungdomsromanen til Nina Borge. 17 år gamle Carla jobbar i forskingsavdelinga og er klassifisert som elitejente, altså lev ho eit beskytta liv på toppen av samfunnshierarkiet. Så møter ho Noah, ein opprørar frå byens og tilværets utkant.
I møte med hans verd blir det ikkje lenger lett å stole på det ho har blitt fortalt heile livet. Korrupte krefter tvingar dei til å samarbeide og å legge ut på ei farefull ferd for å sikre livsgrunnlaget for alle.

Ser du dette? Sigrid Agnethe Hansen, Samlaget, 2020

Anna (15) opplevde det store marerittet: å få eit nakenbilde av seg spreidd på nettet, av ein ho var glad i og stolte på. No har ho flytta til ein annan stad i landet for å starte på nytt, og håpar ho kan legge bak seg det som skjedde. Men kan ho det? Denne sterke ungdomsromanen handlar om frykta for å bli eksponert, om å gå vidare med eit knust hjarte, og korleis flykte frå eit rykte. Boka handlar også om kule bestemødrer, veninner som drit i kva andre meiner, og om å chatte med einsame japanarar. Ser du dette kan lesast på ein kveld, men ikkje gløymast like fort!


Stillheten etterpå, Helene Uri, Gyldendal, 2019

Ei dempa men kraftfull bok som syner kor gale det kan gå om ein blandar ein tafatt lærar med eit klasserom fullt av vidaregåande elevar som kan sin #metoo. Midt i dramaet står førsteårseleven Ada, som blir dregen mellom ønsket om å bli vener med dei jentene i klassen som har sterkast meiningar, og sympatien og pliktkjensla overfor læraren Odd-Erik. Han på si side er ein nærast karikert figur som vekker både hovudrist og medkjensle hos lesaren, akkurat som for hovudpersonen. Ada kjenner seg pressa frå alle kantar, men kva skal ho lytte til: samvitet eller dei andre? Og kva skjer om ho berre let vere å gjere noko?

FLERE BOKTIPS FINNER DU HER

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken