Matberedskapen i Noreg må styrkast gjennom auka produksjon og ein aktiv landbrukspolitikk som held oppe areal og produksjonsmiljø i heile landet. Den viktigaste beredskapen er aktiv bruk av de landbruksareala vi har i Noreg.

Vestfold og Telemark KrF meiner at inntektsnivået i jordbruket må løftast slik at vi trygger rekruttering og høgast mogleg sjølvforsyning av det som det er tilhøve for å dyrke og produsere i Noreg. Det er difor viktig at regjeringa kjem jordbruket i møte under årets jordbruksoppgjer og at det blir semje om ein ny jordbruksavtale.

Situasjonen i Ukraina, miljøkriser og aukande energipriser skaper mange nye utmaningar, og syner at matberedskapen må få høgste prioritet.

Vestfold og Telemark KrF meiner alle tilgjengelege kanalar må nyttast i arbeidet med å auke sjølvforsyninga av norskprodusert mat generelt og særleg matkorn.