Outlaster av Nina Borge, Gyldendal, 2021

Adrian leiar sitt eige CS:GO-lag med stødig hand, men utanfor gamingverda slit han. Ei hending frå barndommen har gjeve han så sterk angst at han ikkje klarar å vere på skulen, vere sosial. Kva skal han gjere når laget, inkludert jenta han likar, vil treffast fysisk for å planlegge ei stor turnering? Sandefjords eigen Nina Borge klarer i sin nye ungdomsroman å gje ei truverdig skildring av gaming og psykisk helse hos gutar, fletta inn i eit spennande plott. Ho tilbyr også litt etterlengta foreldreopplæring når det gjeld haldningar til gaming og e-sport.

The Hill We Climb: An Inaugural Poem av Amanda Gorman, Chatto & Windus, 2021

Mange hugsar nok augeblikket då 22 år gamle Amanda Gorman entra podiet ved president Biden si innsetjing tidlegare i år. I ein glødande gul kjole og med ei lysande framføring av diktet sitt, tok ho verda med storm med nydelege formuleringar om håp, samhald og å lære av historien. Samtidig blei ho den yngste poeten nokon gong til å framføre på ei slik innsetjing. Diktet høyrer til spoken word-sjangeren, men gjer seg like godt i skriftleg versjon. Lån boka på biblioteket og opplev på nytt det augeblikket som gav håp til så mange!

Søstre av Mariangela Di Fiore og Cathrine Trønnes Lie, Vigmostad Bjørke, 2021

To søstrer reiser til Utøya, men berre éi vender tilbake. Sønderskoten og sønderknust må Cathrine finne ein veg vidare. Ettersom tida går, ser ho andre overlevande fullføre studium, få jobb, skape meir og meir avstand mellom seg og den dagen. Sjølv prøvar ho fleire gongar å fullføre vidaregåande, få bukt med mareritta som heimsøker henne, og slutte å vere så redd. Livet er ein kamp, og det kjennest ikkje ut som nokon er på hennar lag, verken familie, psykologar eller NAV. Men etter mange års kamp begynner endeleg lyspunkta å kome.