Litt redd, bare av Alexander Kielland Krag, Gyldendal, 2021

Cornelius er sytten år, går på vidaregåande, og lev eit vanleg tenåringsliv med kompisar, festar og forelskingar. Inntil han ein dag blir kvalm. Veldig kvalm. Og det går ikkje over. Plutseleg styrer frykta for nye anfall livet hans, og dei kjem på dei mest uheldige tidspunkt. Han er ikkje til å kjenne att, og mange blir bekymra. Cornelius må snakke med nokon, men han veit ikkje korleis ein skal starte ein slik samtale, verken med familie, vener eller hjelpeapparatet. Og er han sjuk nok? Ein viktig og ærleg roman om psykisk helse blant gutar.

Eit anna blikk av Erlend Skjetne, Flamme, 2021

Anwar og Walid er to afghanske flyktningar som deler rom på eit mottak langt i nord. Sjølv om dei er ulike som personar, knyter dei sterke venskapsband. Anwar er den boksmarte typen som kjapt plukkar opp det nye språket, men har få vener. Walid på si side er god i fotball, gatesmart og populær. Men han har også ein løyndom, som gjer at ting etter kvart går forferdeleg gale. Ei velskriven og vond bok, med glimt av humor, om livet på innsida av eit flyktningsmottak, der håp og nederlag går hand i hand. Denne boka blir med meg i tankane lenge.

Jente (17) ikke savnet av Camilla Sandmo, Vigmostad Bjørke, 2021

Beatrice oppdagar at ho har hatt ei tante som forsvann som syttenåring. Men sidan ingen av dei nærmaste vil fortelje kva som faktisk skjedde, finn Beatrice ut at ho må starte si eiga etterforsking saman med besteveninna. Dei er ikkje førebudd på alt som dukkar opp i gravearbeidet, og snart blir det veldig vanskeleg å vite kven som snakkar sant – også for lesaren. Medrivande og fengslande krim for ungdom! Boka er blant dei fem nominerte til Uprisen, der ungdomsskuleelevar landet over kårar fjorårets beste ungdomsbok.

Tips til flere gode leseopplevelser finner du her.