Splintra, Hilde Myklebust, Samlaget, 2022

Ein ungdomsroman om den viktige sommaren mellom ungdomsskulen og vidaregåande. Mia og Are er i same venegjeng, og gjengen har ein fantastisk siste sommar saman før alle fer i kvar si retning. Mellom Mia og Are er noko annleis denne sommaren, på den gode, kriblete måten. Hausten kjem, og Mia startar på musikklinja medan Are blir att i bygda. Så blir han alvorleg sjuk, og Mia må balansere alt det nye og spanande med det som er att heime. Ei nydeleg skrive bok som er nominert til Uprisen (årets beste ungdomsbok, kåra av ungdomselevar over heile landet).

Det finnes ingen sannhet, Kathrine Nedrejord, Aschehoug, 2021

Psykologisk thriller for ungdom. Wilma må flytte langt vekk saman med familien sin etter ei dramatisk hending som førte til at broren hamna i fengsel. Men Linnea veit ikkje kva som skjedde, berre at det hadde noko med besteveninna hennar, Linnea, å gjere. Og ingen vil svare på spørsmåla hennar. Wilma anar ikkje kven ho kan stole på, og slit i tillegg med å finne sin plass på den nye heimstaden. Så ein dag kjem politiet på besøk. Ei spenningsdriven bok på under to hundre sider, skikkeleg pageturner!

Høyt press, Jan Tore Noreng, Gyldendal, 2022

Ei ny bok i serien Gutta, som er spenningsdrivne, lettlesne ungdomsbøker som kan lesast uavhengige av kvarandre. I denne boka møter vi Mehmet, som er stjerna på fotballaget. Heilt til det startar ein ny fyr på laget, som viser seg å vere minst like god. Men kvifor er han så mystisk? Og kor langt er Mehmet villig til å gå for å behalde sin posisjon, når høvet byr seg til å bli kvitt nykomaren? Boka passar for alle som likar lettlesen spenning, men ekstra godt til fotballinteresserte. Nominert til årets Uprisen, som vert delt ut 25. mai.

LES MER: Anbefaler to bøker til ettertanke og en psykologisk krimAnbefaler tre forskjellige bøker: En roman, en krim og en faktabokHvorfor vi lever i en verden designet for mennAnbefaler tre bøker i ny sjanger