Freaks, Jan Tore Noreng, Gyldendal, 2021

Freaks er første bok i Gyldendals nye lettlesserie for ungdom, Gutta, og handlar om Mikkel, som flyttar på hybel og startar på ny skule. Der får han vanskar med å finne seg vener, men det ser ut til å ordne seg ein dag. Karismatiske David forbarmar seg over han i kantina. Mikkel blir innlemma i gjengen til David, og forelskar seg i ei av jentene der. Men gradvis blir han dregen meir og meir inn i noko han ikkje visste han hadde gått med på, og det viser seg å by på vanskar når han prøvar å kome seg ut. Spenning om å hamne i ei sekt, passar for ungdomstrinnet og oppover.


Jegeren, Tor Arve Røssland, Mangschou, 2021

Ein frittståande oppfølgar til Dronen (2017) av same forfattar, i Skumring-serien. Erik har blitt 18, og føler skuld for kva som skjedde med bestevenen Thomas fire år tidlegare. No vil han reise til Trondheim for å prøve å få han ut av det nynazistiske miljøet. Det hastar, for leiaren for miljøet har akkurat sluppe ut av fengsel, og kjem til å oppsøke Thomas. For å vinne tilliten tilbake og få Thomas ut, må Erik late som han framles vil tilhøyre det høgreekstreme miljøet. Det betyr å gjere ekstreme ting. Ei aktuell og spennande ungdomsbok for ungdomstrinnet og oppover.


Bakgårdshund, Magnus Buen Halvorsen, Cappelen Damm, 2021

Balal (14) flytta til Noreg saman med familien grunna noko som skjedde i heimlandet. Han har funne seg ein venegjeng, og hobbyen deira er å drive ein Youtube-kanal der dei tek ulike utfordringar frå følgarane. Ein dag tek dei på seg ei utfordring på livekamera som går heilt ut av kontroll. Dette får store konsekvensar for Balal og familien. Balal prøvar å bøte på skadane, men det er ikkje lett. Familien kom til landet med mykje bagasje, og slit i tillegg med ein plagsam journalist som grev i fortida til faren. Dramatisk og fengande roman for nedre del av ungdomstrinnet.

Flere gode bøker anbefalt av Sandefjord-bibliotekarene HER