Gå til sidens hovedinnhold

Tre sakprosa-bøker for begge hjernehalvdelar

June Røys Hauge ved Sandefjord bibliotek anbefaler tre sakprosautgivelser om hvordan få mot til å prøve noe nytt? Og hvordan kvantefysikk og immunbiologi kan være noe for oss alle.

Alt du må vite om vaksiner, Tone Fredsvik Gregers, Humanist forlag, 2016

Visste du at ordet «vaksiner» kjem frå det latinske ‘vacca’, som betyr ku? Kyra si rolle i utviklinga av moderne vaksiner er noko av det du får vite i denne lettfattelege men likevel fagleg solide boka. Forfattaren har doktorgrad i immunologi, og tek oss med på ei reise i vaksinen si historie, inn i cellebiologien som trengst for å forstå korleis sjukdomsframkallande bakteriar og virus oppfører seg, og korleis vaksiner verkar. Ho har ei pedagogisk tilnærming til temaet som gjer det enklare å forstå. Treng du å ha noko å smelle i bordet med overfor vaksinemotstandarar eller – skeptikarar, får du alt du treng her!


Ekte magi: mot til å leve kreativt, Elizabeth Gilbert (oversatt av Signe Prøis) Cappelen Damm, 2016

Spelte du piano i barndommen, men gav deg då du innsåg at du ikkje var den neste Grieg? Dansa du ballett, men slutta då det blei for mykje skulearbeid? Har du alltid hatt lyst til å prøve kulestøyt, men tenker du er for gamal eller i for dårleg form? Ifølgje denne boka er du verken for gamal/ung/dårleg/travel til å gjere noko av det som ein gong gav deg glede, eller som du kunne tenke deg å prøve. Dette er den perfekte boka dersom du treng eit push til å kome i gang med det du alltid har ønska å bruke meir tid på, men som du lagar deg alle moglege grunnar til å late vere. Du vil bli inspirert!


Syv korte leksjoner i fysikk: fra de minste partikler til de største galakser, Carlo Rovelli (oversatt av Aleksander Melli), Spartacus, 2016

Blir hjernen din eit svart hol når ordet «kvantefysikk» sveipar innom samtalen? Gav du, som så mange andre, opp å prøve å forstå dine minste bestanddelar allereie på ungdomsskulen? Då kan eg trøyste deg med at det er forfatta ei bok knappe 100 sider lang og 11x18 cm stor som «ble skrevet for den som har lite eller ingen forhåndskunnskap om den moderne vitenskapen». Den italienske fysikaren Carlo Rovelli tek oss gjennom dei viktigaste hendingane i fysikken i det 20. hundreår, med ein entusiasme for og kjærleik til faget sitt som skin gjennom på kvar side, og som gjer boka til ei fryd å lese.

Flere tips til gode leseropplevelser fra Sandefjord bibliotekene HER.

Kommentarer til denne saken